
Neuron
Eit simuleringsmiljø for detaljert modellering av individuelle nevronar og nettverk av nevronar.
Ei mengd berekningsmodelleringsverktøy for nevrovitskap med fri/open kjeldekode i eitt nedlastbart bilete som er lett å bruka! Last ned, installer (eller la vera!) og set i gang med arbeidet!
Neurofedora-teamet har utvikla Comp-Neuro-laboratoriet spesielt for å mogleggjera berekningsbasert nevrovitskap. Den inneheld alt du treng for å få arbeidet ditt gjort — modelleringsprogramvare, analyseverktøy, generelle produktivitetsverktøy — alt godt integrert med den moderne GNOME-plattforma, slik at du får eit komplett operativsystem.
Eit simuleringsmiljø for detaljert modellering av individuelle nevronar og nettverk av nevronar.
Ein svært fleksibel og utvideleg simulator for modellering av impulsgjevande nevrale nettverk.
Modeller subcellulære komponentar, biokjemiske reaksjonar, komplekse modellar av enkeltnevronar og nettverk.
Eit simuleringsmiljø for modellering av store impulsgjevande nevrale nettverk.
Den komplette Python Science-stakken, for undervising, modellering, og analyse.
Simulera stokastiske kjemiske berekningar, enkeltnevronmodellar med fleire avdelingar og impulsgjevande nevrale nettverksmodellar.
Eit modellskildringsspråk for berekningsbasert nevrovitskap.
Ein Python-pakke for simulatoruavhengig spesifikasjon av nevronale nettverksmodellar.
Utvikla, simulera, parallellisera, analysera, og optimalisera biologiske nevronale nettverk ved hjelp av NEURON-simulatoren.
LANSERINGSDATO: tysdag 23. april 2024
Når du har lasta ned eit bilete, hugs å stadfesta det for både tryggleik og integritet.
Ved å berekna sjekksummen til avbildinga på di eiga datamaskin og samanlikna ho med den opphavlege sjekksummen, kan du kontrollera at avbildinga ikkje har vorte tukla med eller øydelagt. Avbildingar er ogso gpg-signert med Fedora-nyklar for å demonstrera integriteten deira.
Klikk på stadfest-knappen for å lasta ned sjekksumfila for det nedlasta biletet.
Importer Fedoras GPG-nykel(ar)
curl -O https://fedoraproject.org/fedora.gpg
Du kan verifisera detaljane i GPG-nykelen/ane her.
Verifiser at sjekksumfila er gyldig
gpgv --keyring ./fedora.gpg Fedora-Labs-40-1.14-*-CHECKSUM
Sjekk at sjekksummen samsvarer
sha256sum -c Fedora-Labs-40-1.14-*-CHECKSUM
Viss det står at fila er gyldig, so er den klar til bruk!
Ved å klikka på og lasta ned Fedora, samtykkjer du i å overhalda Fedoras retningslinjer for eksportkontroll.